190822-Val-møte-sandvin-04-b

Inviterer til valmøte på Sandvin

Publikum får tid: Dei lovar at publikum skal få tid til å stille politikarane spørsmål på valmøtet på Sandvin. F.v. Kristin Ødegård Vestgarden, Even Skårberg Aarnes, Anne Grete Rinde og Randi Stokland.

Onsdag 28. august arrangerer Bø ungdomslag valmøte på Sandvin. Alle parti i komande Midt-Telemark kommune er invitert til å stille

– Eg høyrer folk seier at dei ikkje er så imponert over debattane på tv. Då er det viktig at vi tek det tilbake til det lokale, seier Kristin Ødegård Vestgarden, i denne samanheng ikkje Venstre-politikar, men representant for arrangøren, Bø ungdomslag.

Det er NRK-journalist Even Skårberg Aarnes, som sjølv bur i Sauherad, som skal leie debatten.

Les meir i papiravisa eller i eavisa på nett.