PÅ PRIORITERINGSLISTA: Bø ungdomsskule stod allereie i 2019 øvst på lista over kommunale bygg som treng vedlikehald.
PÅ PRIORITERINGSLISTA: Bø ungdomsskule stod allereie i 2019 øvst på lista over kommunale bygg som treng vedlikehald. FOTO: Arkiv

Mange usikre om felles ungdomsskule

For få og for små: Bø ungdomsskule har for få og snart er det også for få rom i forhold til talet på elevar.

Det er 22 prosent som meiner det bør byggjast felles ungdomsskule i Midt-Telemark kommune. 39 prosent er imot medan 38 prosent ikkje har noko meining om saka.

Tala i ingressen i papiravisa har dessverre vorte feil, her er dei korrekte.

I meiningsmålinga som Bø blad har fått gjennomført og som er omtalt tidlegare i avisa har me også spurt om folk er for eller imot å byggje ein felles ungdomsskule.

I intensjonsavtala

I intensjonsavtala om å slå saman Bø kommune og Sauherad kommune står det nemnt to investeringar som skal gjerast i den nye kommunen: Nytt skulebygg på Gvarv 1-10 og å auke kapasiteten på Bø ungdomsskule.

Både fellesnemnda og kommunestyret i Sauherad har hatt oppe saka om ny skule på Gvarv og sagt ja.

Ny ungdomsskule i Bø er neste sak. Det har i lenger tid vore klart at det må byggjast ny ungdomsskule i Bø. Den som er er alt for liten. I år er det fire klassar på åttande trinn. I følgje årsmeldinga til Bø kommune har ein ikkje nok klasserom frå 2023.

Mange usikre

Det er mange usikre i spørjeundersøkinga til Bø blad.

Det er berre eit prosentpoeng som skil mellom dei som er mot og dei som ikkje har nokon meining.

Standardavviket er på 4,2 prosent, det vil seie større enn forskjellen mellom dei usikre og dei som seier nei.

Nesten halvparten

Det er 49 prosent som er i mot felles ungdomsskule blant folk i Sauherad. Det er 18 prosent som seier ja. I Bø er det 34 prosent som seier nei og 24 prosent ja.

Yngste mest negative

Ser ein på fordelinga på alder så er dei yngste mest negative. Det er 44 prosent blant dei mellom 30 og 44 år og 41 prosent av dei under 30 år (og over 18 år) som seier nei. Blant dei under 30 år er det 40 prosent som ikkje har noko meinig.

Blant dei over 60 år er 37 prosent imot og 19 prosent for. I gruppa 45 til 59 år er 29 prosent for, det er høgast av alle grupper. 36 prosent seier nei.

Høgre mest delt

Ser ein på delinga på parti så er dei som vil stemme på Høgre  (H) nest mest for og mest i mot saman med Sosialistisk Venstreparti (SV). Det er flest Venstre-veljarar for. Her seier 36 prosent ja medan 34 prosent seier nei. 31 prosent av Høgre-veljarane seier ja. Samtidig seier 44 prosent av dei som vil stemme Høgre nei. Det same gjer SV-veljarane.

Blant dei som vil stemme SV er det elles 54 prosent som ikkje har ei meinig om saka og to prosent som er for. Raudt har endå høgare veit-ikkjeprosent, den er 59 og fem prosent for.  

Det er 28 prosent av Senterparti-veljarane (Sp) som er for medan 39 prosent er mot felles skule.

I Arbeiderpartiet er 43 prosent negative medan 25 prosent er positive til felles ungdomsskule.

I Kristeleg folkeparti seier 21 prosent ja og 43 prosent nei. I Fremskrittspartiet er det 18 prosent som kan tenkje seg ei felles løysing medan 41 prosent er imot. I Miljøpartiet De Grønne er det 27 prosent ja og 30 prosent nei.