190829 Anne Fagermo og Camilla Moen 4

Låtslepp frå Akkerhaugen stasjon

Akkerhaugen Rocksamfunn har ført dei unge musikarane Anne Fagermo (t.v.) og Camilla Moen saman på scenen. Fredag kjem debutsingelen. Foto: Gro B. Røiland


Dei unge musikarane Anne Fagermo (21) og Camilla Moen (20) frå Sauherad er begge godt rotfesta i Akkerhaugen Rocksamfunn og bandmiljøet der. Dei møttest på stasjonen i 2017 og har etter det samarbeidd mykje på scenen og laga låtar saman.

Når Anne Fagermo fredag slepper debutsingelen «She can´t save you», er det med tekst av Fagermo og musikk av Moen.

Laurdag framfører dei den nye låta og fleire andre på scenen i Vulkan Arena i Oslo, der Telemark blir feira med konserten Heimlengsel.

Les meir om jentene og Akkerhaugen Rocksamfunn i torsdagens avis.