Valet er i full gang

Valfunksjonær Anne Grete Berge gjev informasjon til fire fyrstegongsveljarar i stemmekø på Gullbring kulturanlegg. Foto: Gro B. Røiland


Frå dørene inn til vallokalet i Gullbring opna klokka ti i dag, var det kø av folk som ville stemme.

Val til nye Midt-Telemark kommune går føre seg på tre stader.

I tillegg til Gullbring for Bø stemmekrins kan ein stemme på Gvarv samfunnshus for Gvarv stemmekrins og i Idunshall for Akkerhaugen stemmekrins.

Alle vallokala er opne til klokka åtte i kveld.

Bø blad kjem med meir om valet på nett etter kvart og i avisa torsdag.