IMG_3527

Sp, MDG, Venstre og KrF einige om samarbeid

Skal styre saman. F.v. Evy Beate Stykket (V), Ingebjørg Nordbø (MDG), Siri Blichfeldt Dyrland (Sp) og Torstein Haukvik (KrF).

Foto: Privat


Dei fire partia  Senterpartiet, Miljøpartiet De Grønne, Venstre og Kristeleg Folkeparti er i kveld blitt einige om å samarbeide. Sp får ordføraren og MDG varaordføraren i Midt-Telemark kommune.

Det melder påtroppande ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Senterpartiet (Sp), og partifellane  Borgar Kaasa og Per Simon Slettebø onsdag kveld. Det som starta som eit sonderingsmøte har enda opp i forhandlingar og ei avtale. Dei tre melder at forhandlingsklimaet har vore godt.

Avtala inneber at Ingebjørn Nordbø (MDG) blir varaordførar. Senterpartiet får leiaren i utval for plan, teknikk og næring, Venstre får leiaren i utval for oppvekst og kultur og Kristeleg Folkeparti får leiren i helse- og omsorgsutvalet.

Sp får ein medlem i formannskapet i tillegg til ordføraren. Venstre får ein medlem og KrF får varamedlem. MDG har varaordføraren. Dermed er tre av dei sju medlemmane att til opposisjonen.

Mette Haugholt, listetopp for Arbeiderpartiet, opplyser også i kveld at Arbeiderpartiet og Høgre har inngått ei avtale. Avtala gir partiet to medlemmar i alle utval.