190918 Røde K JonasStourup_LivaEspedalen_foto_StineBrekkaSkoland

Gvarv og Bø Røde Kors slår seg saman

Betre tilbod: Jonas Stourup, nestleiar i Gvarv Røde Kors, og Liva Espedalen, leiar i Bø Røde Kors, ser fram til å kunne tilby eit breiare og betre utval aktiviteter i lokalmiljøet.

Gvarv Røde Kors og Bø Røde Kors har vedteke å slå seg saman frå 1. januar 2020. Namnet på den nye lokalforeiniga blir Bø og Sauherad Røde Kors.

Den nye foreininga får til saman over 270 frivillige, med aktivitetar som spenner frå søk og redning i hjelpekorpset til omsorgsaktiviteter som besøksteneste for eldre, lyttevenn og leksehjelp for barn i skolealder og møteplasser med fokus på integrering. Bø Frivilligsentral, som eies av Bø Røde Kors, blir også del av sammenslåinga.

Leiinga i dei to Røde Kors-avdelinga legg vekt på at dei no blir større og får fleire ressursar å spele på. Breidda i aktivitetane blir også større. Hjelpekorps har vore hovudaktivitet i Gvarv medan Bø har hatt omsorgsaktivitetar som viktig aktivitet.