2019-10 Kongebesøket Tove Karin Haugen

Besøkte bunadspesialisten

God stemning under omvisinga hos Almankås. H.M. Dronning Sonja og dagleg leiar Tove Karin Haugen. Foto: Øystein Akselberg

Den tradisjonsrike bunadsbedrifta Almankås var siste stopp under kongeparets besøk i Bø.

Etter å ha blitt spela inn i restauranten på Bø hotell av felespelar Ottar Kåsa og etter å ha ete ein god lunsj med spesielt inviterte gjester, hadde kongeparet ein kort stopp utanfor Almankås. Der blei dei underheldt av Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring med spel og dans.

Fekk gåver av barnebarn

Eigar Tor Eilev Almankås og dagleg leiar Tove Karin Haugen tok imot kongeparet og viste dei rundt i familiebedrifta. Kongeparet fekk også overrekt gåver av familiens barnebarn, Åsne Almankås-Gjessing (7) og Veslemøy Almankås-Gjessing (9).

Eigar Tor Eilev Almankås og dagleg leiar Tove Karin Haugen tok imot kongeparet og viste dei rundt i bedrifta. Foto: Gro Birgitte Røiland
Åsne Almankås-Gjessing (7) og Veslemøy Almankås-Gjessing (9) overrekkjer gåver til kongeparet. Foto: Øystein Akselberg
Kongeparet tek avskjed med vertskapet. F.v. Politimeister Christine Fossen, fungerande fylkesmann Hans Bakke og ordførar Borgar Kaasa. Foto: Øystein Akselberg.
Spelemannslaget og Bø dansarring vinkar farvel til kongeparet. Foto: Gro Birgitte Røiland
Eit fornøgd kongepar forlater Bø. Foto: Gro Birgitte Røiland