2019-10 Kongepar Gullbringfolk

Fekk helse på kongeparet

Dagleg leiar i Gullbring, Trine Brox, og kultursjef Hilde Pedersen, ønskjer kongeparet velkomen inn i kulturhusetFoto: Gro Birgitte Røiland

Etter at kulturprogrammet i Gullbring-amfiet var avslutta, var det tid for å røre på seg. Kongeparet fekk seg ein luftig transport til kulturhusets hovudinngang med elektriske persontransportsyklar. Pilotane på syklane var folk som gjer dette til vanleg for Bø frivilligsentral; Ken Ove Karlsen, Ayman Al-Ledawi og Halvor Gåra.

Møtte ungdom

Etter at vertskapet i Gullbring, dagleg leiar Trine Brox og kultursjef Hilde Pedersen, hadde ønskt kongeparet velkomen til besøk i Framstugo, fekk kongeparet helse på rektor og elev i kulturskulen, Guri Røsok og Sunniva Langås-Røiland (15).

Dei fekk også ein prat med Rodas Tadese Sibahtu (20) og Ingvild Haukeland (16) frå ungdomspanelet i Ung Arena, samt Annette Bischoff ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Innom symjehallen

Kongeparet var også innom symjehallen, der dei fekk snakke med representantar frå IL Skarphedin Svømmegruppa, som har inkludering som fokusområde.

Avduka grunnstein

Etter at dei hadde vore i Gullbring, forflytta kongeparet seg til byggjeplassen for nye studentbustader, der direktør i Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg, Hans Erik Stormoen, og Heidi Palmer Petterson ønskte velkomen.

På byggjeplassen fortalte forfattarstudent frå Bosnia, Marija Bliznac, om korleis det er å vere student i Bø, og ho leste ein tekst som var laga spesielt for anledninga.

Grunnsteinen til det nye hybelbygget i Gullbring blei avduka av H.M. Kong Harald, før kongefølget dro til Bø hotell der det blei møtt av eigarane Helge Solberg og Astrid Kaasa.

Kongeparet fekk transport i elsykkeldonig med Ken Ove Karlsen som pilot.
Foto: Gro Birgitte Røiland
Ein prat med Rodas Tadese Sibahtu (20) og Ingvild Haukeland (16) frå ungdomspanelet i Ung Arena fekk kongeparet også høve til.
Foto: Gro Birgitte Røiland
Annette Bischoff ved Universitetet i Søraust-Noreg fortalte kongeparet om friluftsliv, stier og naturoppleving.
Foto: Gro Birgitte Røiland
På byggjeplassen til USN leste forfattarstudent frå Bosnia, Marija Bliznac, ein tekst som var laga spesielt for anledninga. Kongen avduka også grunnsteinen til det nye hybelbygget.
Foto: Gro Birgitte Røiland
Eigarane Helge Solberg og Astrid Kaasa ønskte kongeparet velkomen til lunsj på Bø hotell.
Foto: Gro Birgitte Røiland