Siri er ordførar i Midt-Telemark

Borgar Kaasa, leiar i fellesnemnda, overleverte klubba til ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blickfeledt Dyrland.


Då har Midt-Telemark kommunestyre hatt sitt første møte. Siri Blichfeldt Dyrland (Sp) er vald til ordførar og Ingebjørg Nordbø (MDG) er ny varaordførar.

Måndag føremiddag var det konstituering av kommunestyret i Midt-Telemark kommune. Det vil seie at det var val av ordførar, varaordførar og medlemmar i formannskapet. Det var også val av kontrollutval og valnemnd.

Posisjonen, det vil seie Senterpartiet (Sp), Miljøpartiet De Grønne (MDG), Kristelig Folkeparti (KrF), Venstre (V) og Sosialistisk Venstreparti (SV) fekk fire representantar. Arbeiderpartiet (Ap) og Høgre (H) har valteknisk samarbeid og får to representantar. Fremskrittspartiet (Frp) og Raudt samarbeider også om valet og Frp får ein representant i formannskapet.

Dermed sit følgjande i formannskapet:

Siri Blichfeldt Dyrland (Sp), ordførar

Ingebjørg Nordbø (MDG), varaordførar

Borgar Kaasa (Sp)

Steinar Sæland (V)

Mette Haugholt (Ap)

Ingemar Btåten (H)

Bjørn Magne Langkås (Frp)

Ordføraren er heilt ny i politikken. I kommunestyret sit det elles tre tidlegare ordførarar, Borgar Kaasa, Mette Haugholt og Hans Sundsvalen (Ap), tidlegare ordførar i Sauherad.