
Fredag er det digitalt slepp for Bytings nye album «Din stasjon». Da er det over tre år sidan det førre albumet, «Livets galleri», kom ut.
– Hardingfela er bytta ut med tangentar, elles ligg plata i same musikalske landskap som tidlegare, seier Thomas Hellekås, frontfigur og låtskrivar.
Tekstmessig har han henta inspirasjon mellom anna i det geografisk nære, frå fjell og natur, ein bensinstasjon på Notodden og fiskevatn.
Albumet kjem også i fysisk format, men ikkje før over helga. Fyrst som cd, og noko seinare skal plata også kome i vinyl.
«Din stasjon» byr på ni nye låtar, samt ei live i studio-innspeling av «Utkledd som sau» frå debutplata «Byting».
Hellekås har sidan førre album fått med seg eit nytt lag med musikarar. Det er Syver Fossen, Eirik Ask, Magnus Westgaard og Geir Ormøy.