FARE FOR UNDERSKOT: I sakspapira til styret skriv rektor Petter Aasen at det er fare for underskot ved USN utan ein gjer tiltak. 


REELL NEDGANG: Rektor ved USN, Petter Aasen, meiner budsjettforslaget frå regjeringa vil føre til ein reell nedgang i pengane til USN. 

KAN GÅ VIDARE. Rektor Petter Aasen ved USN har fått klarsignal frå styret om å gå vidare med utbyggingsplanane på campus Bø. Arkivfoto.
GRATULERER: – Eg gratulerer fakultetet med eit strålande resultat som har kravd stor arbeidsinnsats, seier rektor Petter Aasen. FOTO: Marta Kjøllesdal

Ønskjer medisinutdanning

Rektor Petter Aasen peikar på at Helse Sør-Øst peikar seg ut som den regionen som bør ta ansvar for å auke talet på legestudentar.


Rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Petter Aasen, meiner USN er godt eigna for å byggje opp eit nytt medisinsk fakultet.

Det skriv Aasen på nettsida til USN.

Det er eit offentleg utval som har sett på medisinutdanninga i Noreg og tilrådd at det blir oppretta fleire studieplassar i medisin her i landet.

I artikkelen skriv Aasen at talet på medisinstudieplassar er lågast i Helse Sør-Øst sitt område. Han meiner derfor at Helse Sør-Øst peikar seg ut som den regionen som bør ta ansvar for å auke talet på legestudentar.

Aasen viser til at USN alt har utdanning innan ei rekkje helsefag og ein har solid fag- og forskingsmiljø på fleire sektorarar.