Sunde renovasjon og gjenvinning Ossbjørn Sunde, Morten Strand, Odd Sunde og Ørnulf Nygård 14. oktober 2019

Sunde flyttar til Bø

Etablerer seg på Grivimoen. Oddbjørn Sunde (f.v), Morten Strand, Odd Sunde og Ørnulf Nygård utanfor portane til Bø Bilco på Grivimoen på dagen Sunde-systemet formelt kjøpte aksjane i Bø Bilco. Foto: Øystein Akselberg

Akkerhaugen-bedrifta Sunde Renovasjon & Gjenvinning (SRG) skal flytte verksemda si til Grivimoen i Bø.

Odd Sunde har gjennom selskapet Akkerhaugen Næringseiendom AS kjøpt opp Bø Bilco AS på Grivimoen i Bø. Saman med Norsk Gjenvinning skal selskapet etablere anlegg for mottak og omlasting av næringsavfall på Grivimoen.

Sunde reknar med at anlegget skal stå klart på vårparten 2020. Sunde vil da flytte si verksemd som omhandlar avfallshandtering frå Akkerhaugen til Bø. Vidare reknar Sunde med å flytte resten av si verksemd til Bø i løpet av tre til fem år..