191024-MTK-fs-Gullbring-191016-09-b

Tilbyr 40 mill for Gullbring

Spennande oppdrag: Helge Hallingby i Bø kommunale eigedomsselskap meiner det er spennande å overta Gullbring, men tilrår at ein først ser kva avtale ein kan få med USN/SSN.

SSN/USN er villig til å betale 40 millionar for Gullbring-bygget og leige det tilbake til kommunen for fem millionar kroner.

Det går fram av det som vart lagt fram for rådmannen si referansegruppe for Gullbring. Det er formannskapet i Midt-Telemark  pluss dagleg leiar og styreleiar i Gullbring som sit i gruppa.

Universitetet i Søraust-Noreg/Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (USN/SSN) vil gi kommunen kontroll over husdagboka som styrer aktivitetane i huset. Ein er einige om at sambrukstanken skal halde fram. Det ein ikkje er ferdige med er blant anna utforming av vedtektene og korleis ein skal hindre at kommunen sin eigardel  blir utvatna ved større investeringar.

Kommunalsjef Terje Kili opplyste i møtet at USN/SSN ikkje ønskjer å ha noko med drifta av kulturhuset. Det  kom også fram at Universitetet ønskjer at det skal byggjast eit tredje byggetrinn. I det skal det blant anna vere plass til ein forskingspark. Universitetet treng også plass til andre ting, som laboratorium. Ein ønskjer også at kommunen skal legge eit nytt bibliotek her. 

Les meir om korleis forhandlingane mellom kommunen og universitetet/samskipnaden i papiravisa eller eavisa som kjem torsdag.