
Administrasjonen seier det må kuttast i den nye kommunen. Blant kutta den foreslår er ein halv million til lag, organisasjonar og næring, stillingsstopp og åtte millionar kroner innan helse og omsorg.
Dei tre første åra klarar ikkje administrasjonen å få budsjettet i Midt-Telemark kommune i balanse utan å tære på fond. Av tidlegare varsla kutt på 40 millionar kroner har administrasjonen kutta 10.
Kommunalsjefen vil ikkje snakke om overskot eller underskot i kommunen, men meirbruk og mindreforbruk i forhold til budsjett. Altså om ein brukar meir pengar enn ein har bestemt eller ikkje. Slik sett styrer ikkje kommunen mot tre år med underskot, men med tre år med høgare forbruk enn ein har inntekter.
Nytt kommunestyre
Måndag starta dei nyvalde politikarane i Midt-Telemark med å finne ut korleis dei kan setje sine valløfte ut i livet ved å endre på forslaget til budsjett som administrasjonen har laga.
Dagen starta med formannskapsmøte i Bø og så Sauherad før Midt-Telemark kommunestyre samla seg. Dei to formannskapa hadde begge økonomirapport på saklista. Drifta sprekk i begge kommunane.
Helse og skule sprekk
I Bø sprekk det for skule og helse og omsorg. Skuleetaten har brukt å halde seg innanfor rammene, men i år ser det ut til at det ikkje går.
Det er blant anna fleire barn i barnehagane, fleire elevar i ungdomsskulen, elevar med spesielle behov og auka kostnader til barnevernet som fører til at sektoren brukar 2,7 millionar kroner meir enn den har fått.
Helse og omsorg sprekk med heile 10 millionar kroner. Grunnen er høgt sjukefråvær, større aktivitet som fører til meir pengar til løn og kjøp av tenester hjå private. Det er også personar som har spesielle behov som medverkar til meirforbruket.
Lønsoppgjeret vart også dyrare enn budsjettert for kommunen. Det gjeld lønningar som er forhandla sentralt.
Bø har også høgare inntekter enn venta, blant anna høgare skatteinngang. Dermed ser det ut til at ei igjen kan balansere budsjettet med eingongspengar, pengar ein ikkje kan planlegge med at ein får eit anna år.
Minus i Sauherad
I Sauherad brukar dei for mykje pengar på om lag dei same postane: Helse, omsorg, oppvekst og i tillegg teknisk. Totalt ligg det an til 8,8 millionar kroner meir enn budsjettert.
Også i Sauherad sprekk inntektene i positiv lei, dei får rundt 5,5 millionar kroner meir enn venta. Summa summarum ligg det an til at kommunen berre må kutte avsetning til disposisjonsfond. Det er fond ein skal ha til å møte vanskelegare tider med og som blir brukt i dei komande åra.
Lag og organisasjonar
Etter lunsj fekk det nye kommunestyret ein solid gjennomgang av status i kommuneøkonomien av kommunalsjef Hanne Winberg. Det fekk også presentert administrasjonen sitt forslag til budsjett for dei komande fire åra.
Som tidlegare omtalt må den nye kommunen kutte 40 millionar kroner i forhold til det dei gamle har hatt i budsjett. Administrasjonen har kutta 10,5 millionar kroner.
Ein rapport som kommunen har fått laga viser at helse og omsorg driv dyrare enn kommunar ein kan samanlikne seg med. Det opplyste rådmann/kommunedirektør Åse Egeland. Det er grunnen til at kommunedirektøren vil sette i gang ein gjennomgang som skal ende opp med at ein kan spare åtte millionar kroner på helse og omsorg. Det håpar ein å kunne gjere ved drive smartare.
Administrasjonen har ikkje sett av pengar til kommunehuset på Akkerhaugen.
Egeland vil også spare ein halv million kroner på det som kommunen brukar til lag, organisasjonar og næring.