191023-Vika-konkurs-03-

Vita-kjede kjøpt opp etter konkurs

Elin Hellebrekke i Vitebutikken i Bø, heldt ope onsdag, men veit ikkje kva som skjer framover.


Onsdag vart det kjent at Vita-kjeda er kjøpt opp av Jotunfjell Partners. Kjeda, med ein butikk i Bø, vart slått konkurs måndag.

Elin Hellebrekke som driv Vita på Bøsenteret opplyser onsdag at butikken er open. Ho veit ikkje kva som skjer vidare.

Jotunfjell Partners skriv i ei pressemelding at målet er å vidareføre så mange butikkar som mogleg, men det er klart at nokon butikkar må stengje etter kvart. Hellebrekke veit ikkje om det vil gjelde butikken i Bø.

Vita var del av Cosmetic Group og over 1.000 tilsette i 230 butikkar vart råka då kjeda slo seg sjølv konkurs måndag. Jotunfjell Partners skriv i pressemeldinga at det er eit investeringsselskap som sidan det vart etablert i 2001, har kjøpt over 35 selskap, dei fleste av dei innan varehandel. Loco-kjeda som var ein del av Cosmetic Group blir avvikla.

Hellebrekke eig butikken, men kjeda eig varelageret. Ho opplyser at det er fem som arbeider i butikken i Bøsenteret. Det utgjer om lag to årsverk.