UNG ARENA: Samtaletilbodet for unge mellom 13 og 20 år held ope, sjølv om Ung Arena stenger møteplassen. Det opplyser prosjektleiar Trond Garborg (bak t.v.). ARKIVFOTO: Gro B. Røiland
UNG ARENA: Samtaletilbodet for unge mellom 13 og 20 år held ope, sjølv om Ung Arena stenger møteplassen. Det opplyser prosjektleiar Trond Garborg (bak t.v.). ARKIVFOTO: Gro B. Røiland

Pangstart for Ung Arena Midt-Telemark

Biljardbordet er eit populært aktivitetstilbod på Ung Arena. Foto: Gro B. Røiland

Bra besøk og gode tilbakemeldingar frå dei tilbodet er for, nemleg ungdomane, prega opningsveka på Ung Arena Midt-Telemark.

Ungdom har tatt over Kåvån i andre etasje i Gullbring, i korridoren som går parallelt med tribunane i idrettshallen. Det avlange møterommet er pynta opp og innreia med biljardbord, Playstation, sofagrupper og møtebord. I rommet ved sidan av er det laga eit fullt utstyrt, moderne kjøken med plass til å laga og eta mat.

Bø blad tok ein tur innom siste dag i opningsveka for å lodde stemninga. Her fann me full arena med ungdom som spela spel, laga mat, prata og hygga seg saman. Tilbakemeldingane var unisont gode.

– Alt er bra

På kjøkenet treffer me ein gjeng med gutar i gang med å lage seg mat. I bakaromnen står ein pizza til steiking, og ein svolten Eivind Kåsin Storhaug passar på.

I kjøleskapet er det brødmat for den som er svolten, på bordet er det frukt og ungdomane kan steike pizza i omnen viss dei har med frå butikken. Gutane er samstemde i sin dom. Ung Arena er eit bra tilbod.

– Alt er bra, som at det er gratis mat og drikke og at det er Playstation her. Det er kjedeleg å vera heime, seier Sondre Hagen.

– Det er bra å ha ein plass å vera. Eg kjem til å bruke dette etter skulen, seier Håkon Tveitan.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no