SOMMARTID. Til helga skal me stille klokka igjen.
SOMMARTID. Til helga skal me stille klokka igjen.

Vintertida er her igjen


Ein time tilbake. Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake, mot sommaren.

Natt til søndag 27. oktober skal klokka stillast ein time tilbake. Vinteren og vintertitda er her igjen.

Det betyr altså at du stiller klokka frå for eksempel tre til to. Som om våren skal ein stille tida mot sommaren. Natta blir dermed ein time lenger. I kvardagen blir kveldane mørkare, men morgonane lysare.

Mange lurer på om me ikkje snart skal slutte å stille klokka, men næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier i ei pressemelding at me må vente på kva EU gjer. EU tek avgjerd først i 2021.

Nettavisa Velferd skriv at forsking viser at det å stille klokka vår og haust er skadeleg for helsa. Søvnforskar Bjørn Bjorvatn seier til avisa at ein time mindre søvn om våren blant anna fører til fleire trafikkulykker.