191026 Veronika Tomkova

Tilskot til bedrifter i Sauherad

Veronika Tomkova på Hørte har fått 40.000 kroner frå næringsfondet til Naturligvis Telemark. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Bedrifta Naturligvis Telemark på Hørte har fått 40.000 kroner i tilskot frå Utvalg for næring, plan og teknikk i Sauherad. Pengane er henta frå det kommunale næringsfondet i Sauherad.

Veronika Tomkova driv verksemda som produserer og sel «rawfood», det vil seie rå, vegansk mat. Mykje av ingrediensane er lokale, og det er også fokus på økologiske råvarer.

Naturligvis Telemark tilbyr også catering og kurs i matlaging, samt yoga og turar.

Utvalet vedtok også å gje 40.000 kroner i støtte til Haug gård som vil lage selskapslokale på låven til utleige.

Villahageprosjektet, som er eit samarbeid mellom Epleblomsten i Sauherad og Odd Ballklubb, fekk også 40.000 kroner. Prosjektet er å presse eplejuice av eple frå private hager i Grenland. Hageeigarar skal kunne levere hagefrukt til eit innsamlingspunkt på Skagerak Arena og i etterkant få sin eigen private eplejuice tilbake.