Anette Løkslid Langåsdalen frå Telemark ungdomslag kom med den gjeve gullmedaljen til Torgeir Straand på Bøkappleiken. Foto: Gro B. Røiland
Anette Løkslid Langåsdalen frå Telemark ungdomslag kom med den gjeve gullmedaljen til Torgeir Straand på Bøkappleiken. Foto: Gro B. Røiland

Gjev gullmedalje til Torgeir Straand

Anette Løkslid Langåsdalen frå Telemark ungdomslag kom med den gjeve gullmedaljen til Torgeir Straand på Bøkappleiken. Foto: Gro B. Røiland

Spelemannen Torgeir Straand blei heidra med Myllargutmedaljen i gull på Sandvin laurdag. Det er 36 år sidan den sist blei delt ut.

Utmerkinga er Telemark ungdomslags meisterskapsmedalje i gull for spel. Det var i samband med fylkeskappleiken i Flatdal 19. oktober at Straand gjorde seg fortent til den gjeve prisen. 

Gullmedaljen blei overrekt på Bøkappleiken av leiar i Telemark ungdomslag, Anette Løkslid Langåsdalen. Det er Telemark ungdomslag som delar ut Myllargutmedaljane, ei premiering som styret oppretta i 1919.

I vedtektene til Telemark ungdomslag står det at meisterskapsmedaljen i gull bare kan gjevast til spelemenn over 25 år og bare ein gong til den same. Fyresetnaden for å få medaljen er at spelemannen ikkje bare har eit moge spel, men at han i den gjeve stund presterer det ypparlege også i inspirasjonen.

Det var dette Torgeir Straand oppnådde på Smedalstemnet i Flatdal, som også var årets fylkeskappleik. Her blei han ein suveren vinnar av Spel hardingfele klasse A med 96 poeng av 100 oppnåelege. Slåttane han spela var «Markensmondagen» og «Langedragen III».

Gullmedaljen heng skyhøgt. Sidan den fyrste gong blei delt ut til Torkjell Haugerud i 1922, er det elleve som har fått den. Straand blir den tolvte.

– Det gjevaste

Det var ein stolt og audmjuk spelemann som mottok gullmedaljen laurdag kveld.

– Dette er det gjevaste eg har fått for felespel, og ein stor inspirasjon til å drive meir med felespel, sa Straand.

Da tildelinga blei klar etter fylkeskappleiken i Flatdal, hadde Straand reist heim. Det var ei gledeleg nyheit å få ettersendt.

– Det var absolutt overraskande. Dette var ikkje noko eg hadde venta å oppleve i løpet av livet, sa Straand.

Leiar i Telemark ungdomslag, Anette Løkslid Langåsdalen, var glad for å kunne dele ut den gjeve prisen.

– Sist gong Myllargutmedaljen i gull blei delt ut var i 1983. Det er moro å kunne dele ut gullmedaljen igjen det året den fyller hundre år, sa Langåsdalen.

Godt selskap

Det er godt selskap Straand nå er komen i. Dei som tidlegare har fått meisterskapsmedaljen i gull er Torkjell Haugerud i 1922, Gunnulf Borgen i 1927, Svein Løndal i 1932, Johannes Dale i 1936, Gjermund Haugen i 1948, Jens Amundsen i 1963, Kjetil Løndal i 1973, Einar Løndal i 1975, Hauk Buen i 1975, Knut Buen i 1979 og Olav Øyaland i 1983. Etter eit opphald på 36 år spela Straand seg inn på gull-lista.

Myllargutmedaljen i sølv blir også delt ut med ujamne mellomrom av Telemark ungdomslag for prima spel på kappleik. På 93 år har 21 fått den.

Sølvmedaljer 

Torgeir Straand fekk sølvmedaljen på fylkeskappleiken i Bø i 2015, ein medalje 21 har fått sidan 1926. Blant dei Gunnulf Borgen (1926), Johannes Sundsvalen (1983), Ottar Kåsa (2014) og Per Anders Buen Garnås (2017).

I tillegg til meisterskapsmedaljene i sølv og gull, har Telemark ungdomslag ei æresmedalje i sølv. Den går til eldre hardingfelespelarar på kappleikane. Æresmedaljen er delt ut 20 gonger sidan 1924. Blant namna på lista er Torkjell Haugerud, Kristiane Lund, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Johannes Sundsvalen og Alf Tveit.