191107-Vitusapotek-Gvarv-vaksine-02-

Står klar med sprøyta på Gvarv

På Vitusapotek på Gvarv set dei influensavaksine slik at ein ikkje treng å gå på legesenteret.

– Mange synest det er veldig greitt å kome hit, og ein treng ikkje bestille time, seier Kari Rauland.

Ho er sjukepleiar og saman med farmasøyt Jenny Brynsholm den som set vaksina på apoteket på Gvarv.

Rauland og Brynsholm seier at det ikkje passar for alle å gå på legesenteret når det er vaksinering. Dei som vil få vaksinert seg på apoteket må tinge vaksine på nett. Det må gjerast 24 timar før. Då er resepten klar og det er berre å møte på apoteket, ifølgje Rauland og Brunsholm.

– Ein bør beskytte seg sjølv og andre, seier Brynsholm om kvifor ein bør vaksinere seg.

Ho og Rauland viser til at i fjor døydde 1.700 personar av influensa eller følgjesjukdommar.

– Målet er at 75 prosent av dei som er i risikogrupper skal vaksinere seg, seier Brynsholm om bakgrunnen for tilbodet.

Ho opplyser at det blant anna er folk over 65 år, folk med kols, astma og gravide som er i denne gruppa. Det er også nokre som ikkje kan vaksinere seg, blant anna fordi dei er allergisk for vaksinen. Rauland og Brynsholm meiner personar som er i kontakt med slike bør vaksinere seg.

Det er nokre grupper som dei på apoteket ikkje kan vaksinere, det er blant anna barn under 12 år. Det er ikkje alle apotek som har denne tenesta enno.