Bø blad og Kanalen kjem i dag ut med felles bilag, Næringsmagasinet. Tema er denne gongen netthandel og elles eit blikk på fleire verksemder i Bø, Nome og Sauherad. Me ser på kva ein aukande netthandel kan få for verknader for både folk, lokalsamfunn, eksisternade fysiske butikkar og viktige møteplassar i nærmiljøet vårt.
Næringsmagasinet har besøkt ei rekkje næringsdrivande og butikkar: Kledebutikken Victoria & Henrik, profileringsbedrifta Rett Profilering, Lunde Bok og papir, Sønstebøtunet, Ulefoss Senteret, nettbutikken Proshop, Brukås sport, frukt- og bærutstyrsleverandøren Fimex og Søve AS. Me har også snakka med fire bøjenter om det å handle brukt på «Tise».
Me ønskjer alle god lesning om eit viktig tema i Bø blad i dag.