
Sauheringane på topp ligg godt over bøheringane både i formue, inntekt og skatt. Bare ei kvinne er med på listene.
Thor Olav Eikeland Sperre toppar alle lister i Sauherad. Gründeren har 85 millionar kroner i formue, 14 millionar i inntekt og betalte 5 millionar i skatt.
Sperre har fleire store selskap på Notodden, blant anna Telemark Teknologipark AS og deler av Sperre AS. Sistnemnde hadde i fjor driftsinntekter på 98 millionar kroner og årsresultat på 18,7 millionar kroner.