Sokkar, bøker og brød til jul
Julekaker, strikka sokkar og nyskrivne bøker. Alt såg ut til å få bein å gå på under julemessa til Bø Museum.
Dei som var ekstra heldige fekk slåttar av Gregar Kåsin som følgje til grauten som vart servert på Polen.
– Det er første gong eg er her, men eg er så imponert. Dette er nydelege strikketing.
Det seier Aslaug Astad. Ho ser på i stikkesokkar på bordet i Pakkbua på Bø Museum. Det er julemesse og kryr både av folk og varer.
Astad fortel at ho har eit feriehus i Bø og denne gongen passa det å få med seg julemessa.
Ho tykkjer også prisane på handarbeidet er rimelege.
– Det er så stemningsfullt og hyggeleg her òg, legg ho til.
Jeanett Verpe står på andre sida av bordet og kikkar. Ho er einig.
– Eg brukar å vere her kvart år, og kjøper alltid eit par sokkar. I år blir det to par, legg ho til og smiler.
Verpe brukar å kikke på handarbeidet og lokalmaten.