Bø blad lanserer ny nettavis:

Nå får du lokale nyheiter kvar dag

Endeleg skjer det. Etter mange år på gjerdet skal også me i Bø blad levere lokalavis skikkeleg på digitale plattformar. 

Det er ikkje det at me ikkje har hatt lyst, eller ikkje har evna til å lage nyheiter som ein må betale for på digitale plattformar. Det er bare det at me har vore små i det store bildet. Og når ein er liten blir det skummelt å gjere noko som ein ikkje heilt veit om ein kan få til – i alle fall når ein ikkje har verken ressursar eller økonomi til å risikere feilslått investering. Sjølv om me veit at den som ikkje vågar, ikkje vinn, har me valt å sitje på gjerdet til me har vore klare. Det er me nå, og me gler oss til framtida. 

Nyheiter kvar dag

skal me servere innbyggjarane i Midt-Telemark godt med nyheiter på nett kvar dag, og papiravis som vanleg på torsdag. Og nå skal me ta betalt for dei digitale nyheitene, akkurat slik som andre nettaviser gjer. Det skulle bare mangle, for det kostar å lage ordentleg journalistikk. 

Det kostar å ha folk i arbeid slik at me kan opplyse og informere innbyggjarane om kva som skjer av smått og stort der dei bur, og det kostar å lage arenaer for offentleg meiningsutveksling som er redaksjonelt vurdert. 

Det kostar å følgje opp politikarar og administrasjon i kommunen grundig, slik at me kan fortelje dei som bur i Midt-Telemark om kva som blir bestemt og kva vedtaka vil seie for den enkelte. 

Det kostar å vere på; å vere vaken vaktbikkje som skal skrive om kritikkverdige forhold. 

Det kostar å vere kultur- og sportsformidlar som gjer at folk får ein form for lokal identitet, og det kostar å vere oppslagstavle for alle grender i den nye kommunen. 

Det kostar rett og slett å vere lim og lupe i lokalsamfunnet, og det er nettopp det Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark – vil vere. 

Kostbart å vere kar

Det er ikkje gratis å lage verken papiravis eller digital avis. For Bø blad har det derfor vore eit stort økonomisk løft å få på plass ei god nettløysing. 

Mesteparten av kostnadane i Bø blad går til å løne dei tilsette som skal lage avis, resten til å levere det me produserer. For papiravisa sin del er det store kostnadar knytt til trykking og distribusjon. Når det gjeld distribusjon med Posten vil det heller ikkje bli lettare i framtida. Me betaler allereie mykje meir til Posten enn før, for eit mykje dårlegare tilbod. Kva som skjer med avisdistribusjonen med post i framtida er også svært usikkert. 

Med ny nettavis brukar me i tilegg nesten like mykje pengar på å investere i og drifte avisa elektronisk som det me brukar på papiravisa. Det kostar å ha system som fungerer og det kostar å installere og drifte abonnementsløysingar som fungerer optimalt. Å forvente gratis tenester og produkt frå dei som produserer nyheiter tilsvarar å forvente det same frå ein som driv butikk eller bensinstasjon. Ein må forstå at ei avis må ta seg betalt for det ein produserer, som ein kvar annan.

For heile Midt-Telemark

Me har brukt lang tid på å lande på den nye nettløysinga vår, men så er me til gjengjeld temmeleg fornøgd med den. Den skal vere brukarvenleg både for avisas tilsette og kundane våre, og ikkje minst oversiktleg for lesarane, enten ein vil lese avisa på datamaskina heime, på nettbrett eller på mobil. Om nokon synest det er vanskeleg å finne fram i og bruke nettavisa, kan de gjerne ta turen til oss, så skal me hjelpe.

Me som jobbar i Bø blad ønskjer å stå på kvar dag for å vere alle si lokalavis, enten ein er ung eller gammal, frå Bø eller Sauherad. Så tips oss, og bruk oss! Og ikkje minst: Les lokalavisa – på papir eller nett.