Heilt Yr-avhengig
Spaltisten er ein 27-år gamal eksil-bøhering busett i Oslo, så nær skogen og langt frå byen det er mogleg å kome, utan å bli sett på som sær bygdetulling. Er langt over snittet glad i ski, fjell og sport, og er telemarkspatriot på sin hals. Han er journalistutdanna og jobbar for tida i NRK Buskerud i Drammen, der han skriv for nrk.no og er å høyre på radio.
Kor mange gonger går det eigentleg an å sjekke YR i løpet av ein time? Om den finst, veit eg ikkje om eg tør å sjekke statistikken min. Eg er liksom i ein slags vakuumtilstand akkurat på denne tida av året. Etter å ha lese dette her, vil du kanskje tenkje at eg er ein ganske så spesiell type, men eg er like sikker på at nokon også kjenne seg sjølv eller nokon dei kjenner godt igjen. Kanskje det er deg?