Grønt lys i Sandvinhagen
Bustadprosjektet i Sandvinhagen har fått igangsettingsløyve hjå Bø kommune. No kan grunnarbeida for det som skal bli tol bueiningar setjast i gang.
Telemark Byggentreprenør fekk sist torsdag klarsignal og igangsettingsløyve til å starte grave- og byggjearbeid på tomta i Sandvinhagen. Planen er å byggje 12 bueiningar på tomta; seks bueiningar langs Folkestadvegen og seks langs gjerde mot Sandvinparken. Fylkesmannen har handsama naboklagene og har ikkje teke dei til følgje. Fylkesmannen opprettheld kommunen sitt vedtak i saka frå juni i år. I prosessen har naboar og utbyggjar kome fram til at både hus for søppelhandtering og husrekkja langs parken skl flyttast på i høve første plan.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp