Nytt skiutstyr til utlån
Utlånsbanken Bua i Bø har kjøpt inn utstyr til utlån for 80.000 kroner. Det har gått til fulle pakkar med langrenn- og slalåmutstyr.
Det er Frivilligsentralen i Bø som driv Bua. Bua er eit nasjonalt nettverk som arbeider for at barn og unge skal få prøve meir varierte aktivitetar. Det gjer ein ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv.