Bø og Sauherad blir Midt-Telemark:

Lifjell rundt: F.v. Olav Kasland,V, Bø, Sven Tore Løkslid, Ap, Hjartdal, Jon Svartdal, KrF, Seljord, Hans Sundsvalen, Ap, Sauherad, Bjørg Tveito Lundefaret, Ap, Nome, Jørn Christensen, H, Notodden.
vart nei: Mette Haugholt, Olav Kasland og Bjørg Tveito Lundefaret feirar intensjonsavtale med kake, men det vart nei til avtala.

Slik vart ekteskapet i Midt-Telemark til

Etter ein prosess som har vart i snart 20 år, har Bø og Sauherad no blitt til ein kommune. Tidlegare ordførar Olav Kasland må seiast å ha vore ei sterk drivkraft i prosessen.

Publisert Sist oppdatert

16. juni 2016 vedtok kommunestyra i Bø og Sauherad at dei ville slå saman dei to kommunane. Prosessen starta eigentleg tidleg på 2000-talet.
Tidlegare ordførar i Bø, Olav Kasland, brukte ofte ekteskapsmetaforen om kommunesamanslåinga. Ein periode var han redd for at ingen ville slå seg saman med Bø og friarferdene har vore mange. Nokre gonger har ein forhandla med fleire potensielle partnarar på ein gong. I eit tilfelle samanlikna Kasland det med at brudgommen først når han var komen på kyrkjegolvet skulle velje kva for ei brur han ville ha.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS