E
Ungdommens stemme i kommunen
Fire ungdommar sit i Midt-Telemark ungdomsråd. Oppgåva er å representere ungdommens interesser i kommunen.
Midt-Telemark har eit ungdomsråd som skal seie sitt i politiske saker som vedkjem ungdom. Elevrådsrepresentantar frå 10. klasse blir valt inn i ungdomsrådet, og i dag er det bøheringane Hedda Ø. Telseth og Simon Sageie og sauheringane Eline Lindheim og Kristine Vegheim som sit i rådet.