Eit hundeliv i hallen
Bø og Sauherad hundeklubb får mykje ros etter å ha arrangert sitt aller første agilitystemne i Telemarkshallen. Fleire hundre hundar stilte til start i innandørsstemnet.
Bø og Sauherad hundeklubb er ifølgje leiar Sandra Bjørnemo Robertsen ein liten og dugnadsbasert hundeklubb. Derfor var det svært spennande for den lokale arrangøren da klubben for aller første gong arrangerte eit agilitystemne på eiga hand i Telemarkshallen.