G
Klagar på rive-vedtak
Riving av eit bygg på husmannsplassen Åsen i Breisås kan bli ei av dei første sakene for nytt planutval i Midt-Telemark kommune.
Utval for plan, teknikk og næring (PTN) i Bø kommune gav i desember løyve til å rive bygget som har vore bustad på husmannsplassen Åsen i Breisås. No har Fortidsminneforeningen levert klage på rivinga. Den meiner bygningen som blei ført opp i 1844 bør takast vare på.