S
Inviterer til dugnad for livsmeistring
Kirkens SOS si kriseteneste treng fleire frivillige i Midt-Telemark. Leiar Melle Aakenes i Kirkens SOS Telemark inviterer til å bli med på ein dugnad for livsmeistring.
Kvart døgn året gjennom svarar Kirkens SOS i overkant av 500 personar som tek kontakt gjennom telefon eller på chat. I tillegg er det fleire hundre som ikkje får svar på grunn av stor pågang.