GJENNOMTENKT. Den nye ski-brua i Nordbøåsen er eit bevisst miljøval. Lysløype gjennom eit bustadfelt er for å skape nærleik og tilgjengelegheit til naturen for innbyggjarane.
BÅLBRENNING. 60 store og små møtte opp til opninga av den nye ski-brua i Nordbøåsen. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland tok seg tid til å grille saman med nokre av bebuarane i det nye feltet.
FORNØGDE. Hallgeir Lie frå entreprenøren Tveito Maskin og dagleg leiar i ITV Eiendomsutvikling AS, Vigdis Elida Moland Verpe, er svært fornøgd med at ski-brua endeleg er på plass og klar til bruk.
UFORMELT. Under den offisielle opninga av ski-brua på Nordbøåsen blei både ordføraren i Midt-Telemark, entreprenør og grunneigar med på akekonkurranse. Snøen på brua hadde blitt køyrt inn av entreprenøren.
STAS MED BRU. Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og dagleg leiar i Nordbøåsen Utbyggingsselskap, Jonas Meland, i munter passiar.

Ski-bru i nytt byggjefelt til 2,3 millionar kroner

Med eit fritt spenn på 15,5 meter og fri høgde på 4,5 meter tronar den nye ski-brua som ein portal inn mot det ferskaste byggjefeltet på Nordbøåsen.

Publisert Sist oppdatert

Den nye ski-brua i Nordbøåsen er nå ferdigstilt, og rundt 60 personar møtte opp sist helg da ordførar Siri Blichfeldt Dyrland skulle opne brua offisielt. Tomteutviklar og grunneigar Kjell Aage Verpe og dagleg leiar i Nordbøåsen Utbyggingsselskap, Jonas Meland, var òg stolt til stades. Hallgeir Lie frå Tveito Maskin/Solheim Lie, som har stått for infrastruktur og skapt ski-brua, var òg på plass.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS