Bård Kleppe forskar Telemarksforsking kultur kulturforskar
MEINING: Bård Kleppe

– Utopi at Gullbring skal gå med overskot

Kulturforskaren trur ikkje ein vil kunne drive Gullbring med overskot. Han meiner politikarar som vil behalde kulturhuset må innstille seg på å setje av pengar til vedlikehald.

 

– Det er utopi å drive Gullbring med overskot.

Det seier seniorforskar Bård Kleppe ved Telemarksforsking.

I debatten om kva som skal skje med Gullbring kulturanlegg blir det av enkelte politikarar nemnt at med rett drift kan Gullbring gå med overskot. Dersom kommunen eig huset får ein glede av det.

At det skal gå an å tene pengar på kulturhuset har Kleppe lita tru på. Han meiner Gullbring i dag er godt rigga i dag, med kiosk med billettsal.

Kulturhus kostar for kommunane

– Det ser ut til å ha ei sunn drift, meiner Kleppe.

Kleppe har sett på overføringar til kulturhusa i kommunar som eig kulturhus. Gjennomsnittskommunen brukar 460 kroner per innbyggjar. I dei tala han har er det ikkje noko overføring frå Bø til Gullbring, men han går ut frå at det er teknisk.

– Det er gjennomgåande at alle kommunar som har kulturhus brukar penge på dei, kulturhusa er ein stor utgiftpost, seier Kleppe.

Han seier også at representantar for fleire kulturhus han har vore i kontakt med opplyser at eigarkommunen set av pengar til å arrangere konsertar i kulturhuset. Noko slikt er det ikkje tradisjon for i Bø.

Kulturindeksen

Kleppe har utvikla Norsk kulturindeks som Bø kommune har skåra høgt på. Kommunen  har blant anna vore på andreplass fleire gonger. Midt-Telemark kommune har også som mål å vere ein kulturkommune, noko som blant anna blir trekt fram i debatten om kva som skal skje med Gullbring kulturanlegg.

– Kva er det som tel i kulturindeksen som er knytt til Gullbring?

– Det er kino, teater og dei konsertane som er knytt til Gullbring, seier Kleppe.

Elles tel blant anna den kulturelle skulesekken og bibliotek mykje i kulturindeksen. Kleppe seier at indeksen ikkje tek omsyn til om arrangøren er privat eller offentleg.

Kleppe seier at ein veit lite om privat eigarskap. Dei fleste kulturhusa er eigd på liknande måte som Gullbring, i ei eller anna form for kommunalt selskap.

Besøk viktigast

– Vil det vere eit problem om kulturhuset er privat eigd?

– Det viktigaste for eit kulturhus er eit så stort besøk at det tenar pengar. Det treng størst mogleg publikumspotensiale. Til høgare aktivitet og til fleire som kjem, til betre er det. Enten det er kommunen som eig det eller det er samskipnaden så er ein avhengig av å nå lokalbefolkninga, studentar og flest mogleg folk frå kommunane rundt, seie Kleppe.

Han viser til at der det har blitt bygd eit nytt kulturhus tett på eit gammalt blir det konkurranse.

Kleppe trur at samskipnaden blir avhengig av den lokale aktiviteten for å drive og at det er søkt at den kan bli stengt ute. Han peikar på at det er få ting som fyller huset slik som lokale revyar og kulturskulekonsertar.

– Har du eit råd til politikarane?

– Viss kommunen skal ha Gullbring, og det er eit prinsipielt standpunkt, må ein vere innstilt på at Gullbring sårt treng driftsmidlar. Det behovet kjem sannsynlegvis ikkje til å bli mindre. Dei politikarane som vedtek å behalde det på kommunale hender må vere innstilt på å setje av pengar i framtida. Det kostar å drive kulturhus, seier kulturforskaren.

Han trur ikkje Midt-Telemark kommune er stort nok til at ein klarar å få det til å svare seg økonomisk

– Det blir aldri ei inntektskjelde. Det er kanskje ikkje noko ein ønskjer heller. Det skal vere eit velferdstilbod til innbyggjarane, seier Kleppe.