NY PROGRAMLEIAR: Martin Torstveit frå Bø overtar som programleiar i «Norge Rundt». Foto: Privat
NY PROGRAMLEIAR: Martin Torstveit frå Bø overtar som programleiar i «Norge Rundt». Foto: Privat

Bøhering ny programleiar i Norge Rundt

I kveld debuterer NRK-journalist Martin Torstveit som programleiar for «Norge Rundt». Han startar med garnfiske på sjøen, noko me får høyre er eksotisk for ein bøhering som han.

Martin Torstveit skal ta med det norske folk Noreg rundt denne vinteren og våren. Det er journalistar frå NRK sine distriktskontor som byter på å ha programleiar, og nå er det Telemark sin tur. Torstveit blei valt til jobben etter audition.

«Norge Rundt» har gått på NRK sidan 1976. Programmet har blitt tildelt namnet «distriktets magasin» fordi innhaldet ofte viser fram det distrikts-Noreg har å tilby.

– «Norge Rundt» er eit veldig kjent og folkeleg program som dei fleste har eit forhold til, inkludert meg sjølv. Det var eit program eg såg på da eg var yngre. Det blir veldig moro å få vera ein del av eit så fint program, sa Torstveit til Bø blad da det blei kjent at han hadde fått jobben.

Nynorsk Mediesenter

Bøheringen har blant anna studert film og medievitskap, og han gjekk på lina Medier og kommunikasjon på vidaregåande skule i Seljord.

I 2016 var han ein av fem som fekk vere med som nynorskpraktikant ved Nynorsk Mediesenter i Førde. Etter det har han jobba for NRK.

Han har i seinare tid jobba med ein podcast som heiter «Forstå Noreg». Den handlar om store nyheitsaker i Noreg, der dei ser på alle sider av saka.

Bødialekta blir med

Torstveit er som NRK-journalist ein glimrande ambassadør for bøheringsmålet. Nå vil ein stor sjåarskare få servert ei god dose bøhering kvar fredag i mange veker framover.

– Bødialekta skal sjølvsagt bli med meg rundt om i Noreg. Det blir veldig bra å få fronta dialekta på nasjonalt plan. Dialekta i Bø er jo ei av dei som ligg litt i faresona, seier Torstveit.

Han fortel at han sjølv har vore litt dårleg til å ta vare på dialekta, men da han var ved Nynorsk Mediesenter var det eit krav at han prata dialekt. Sidan har Torstveit teke godt vare på dialekta.

– Dialekta er ekstremt viktig for kulturarven vår, så den pratar eg med glede, seier Martin Torstveit.