B
Sikrar gamlekyrkjene mot brann
Det pågår arbeid med brannsikring av mellomalderkyrkjene i Bø og på Nes i Sauherad. Det handlar om montering av automatiske sløkkeanlegg med sprinklarsystem.
Bø gamle kyrkje er først ut og arbeidet er nå i sluttfasen. Snikkar Jørn Berget har i samband med arbeidet laga ei ny trapp frå galleriet til loftet. Monteringa av anlegget er det folk frå Bravida som gjer. Vatnet får ein direkte frå den kommunale leidninga.