– Eg vil framsnakke Tore Bjørn Pettersen blant anna for stor og viktig innsats i arbeidet med å føre hagen på Bø prestegard tilbake til gammal prakt. Som leiar i Bø- og Sauherad hagelag har han også involvert mange medlemmer i hagelaget. Hundrevis av dugnadstimar er lagt ned dei siste åra. Han er også til stor hjelp når det gjeld data. Tore Bjørn gjer ein uvurderleg stor frivillig innsats på mange område i kommunen vår.