I
Vil ikkje selje Gullbring
I formannskapet er det klart fleirtal for kommunalt eige av Gullbring, men fleire parti skal diskutere saka før den kjem i kommunestyret.
– Husleiga blir 1,8 millionar lågare ved sal til Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) enn om Midt-Telemark kommunale eigedom AS (MTKE) overtek Gullbring kulturanlegg. Det er likevel risiko ved selje til SSN.
Det sa Siri Blichfeldt Dyrland då ho opna debatten om eit eventuelt sal i formannskapsmøtet i Midt-Telemark kommune måndag.