– Husleiga blir 1,8 millionar lågare ved sal til Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) enn om Midt-Telemark kommunale eigedom AS (MTKE) overtek Gullbring kulturanlegg. Det er likevel risiko ved selje til SSN.
Det sa Siri Blichfeldt Dyrland då ho opna debatten om eit eventuelt sal i formannskapsmøtet i Midt-Telemark kommune måndag.
Blichfeldt Dyrland sa også at universitetet uansett vil byggje ein forskingspark. Det vil også fornye leigeavtala av symjehall og idrettshall etter 2024.
Seier dyrast er best
– Utifrå at ein strevar med økonomiplan der ein skal kutte budsjettet med 40 millionar kroner er det interessant at ein hevdar at det dyraste er det beste alternativet. For meg er det viktig å sjå kvar risikoen er minst, ein har eit godt samarbeid og Gullbring fungerer som storstove. Siste runden har gjort det klarare at SSN er det alternativet ein bør gå inn for, sa Steiar Sæland, Venstre.
Han peika også på at overslaget over oppgradering av Gullbring på 20 millionar kan vere usikkert.
Kan ramme andre
– Me må legge til rette for at USN kan utvikle seg best mogleg, sa Mette Haugholt, Arbeiderpartiet (Ap).
– Eg ser at ordføraren seier at det ikkje er så stor økonomisk forskjell på dei to alternativa. Eg veit at 1,8 millionar kroner er mykje pengar, sa Haugholt.
Ho peika også på risikoen ved å eige blant anna eit badeanlegg. Det blir slite fort og er dyrt å vedlikehalde.
– Skal me halde fram med å eige Gullbring som har gitt Bø kommune store økonomiske utfordringar i 25 år så ser me i Ap at det vil kunne ramme dei andre tenesteområda. Det er uaktuelt for Ap, sa Haugholt.
Årsmøtet avgjer
Haugholt opplyste at Ap skal ha årsmøte onsdag og då vil ein diskutere saka. Men Haugholt sa også at det er ei stor, kanskje for stor, belastning for kommunen å halde fram som eigar.
– Me har hatt for lite fokus på kulturen og det Gullbring skal vere. Det er viktig og det er der risikoen ligg. Kultur er ikkje eit lovpålagt område. Pleie og omsorg kan vi ikkje skjere ned på. Blir utfordringane våre for store til å kunne drifte huset så går det ut over kulturen. I framtida kan me måtte skjere ned på kulturen, sa Haugholt ut i debatten.
Ho peika på at ein må ha pengar til å drive kulturen òg.
Evigvarande avtale
– Sel vi til SSN er det ei evigvarande leigeavtale. MTKE er kanskje dyrare. Her er det så mykje hjarte og det er så få som har sett seg ordentleg inn i økonomien, sa Ingemar Bråten.
Han har også tidlegare flagga at han meiner tilbodet til SSN er for dårleg.
– Hadde dei endå putta meir pengar i forslaget så hadde det vore enklare å selje det, sa Ingemar Bråten.
Han sa at Høgre vil seie nei til sal, men vurderer korleis ein skal organisere eigarforholdet etterpå.
Bjørn Magne Langkås, Fremskrittspartiet, er ikkje oppteken av kven som eig. Han meiner at det skal vere kva som er best for innbyggjarane som tel.
Borgar Kaasa (Sp) har ikkje vore blant dei i Sp som har fronta at kommunen ikkje bør selje.
– Dei uføresette hendingane «heng» i meg. Skal me tru dette ordnar seg, eller skal med sikre oss, sa Kaasa.
Ingebjørg Nordbø, Miljøpartiet De Grønne, trekte fram at Gullbring er viktig for attraksjonen til bygda. Ho sa at ho meiner at MTKE vil klare å halde bygget i stand.
Nordbø sa at ein ikkje har diskutert saka i partiet og det er ikkje sikkert om ein bli einige om eit standpunkt.
– Uansett utfall vil eg seie at framtida for Gullbring har blitt løfta opp på ein god måte. Samskipnaden kjem til å vere ein positiv bidragsytar i Midt-Telemark kommune. Me er opptekne av studentvelferd. Eg ser fram til vidare samarbeid, sa Hans Erik Stormoen i SSN til slutt.