dagleg leiar Espen Raastad, styreleiar Arne Rui. 

gullbring økonomi formannskapet 


Tidlegare dagleg leiar i Gullbring (t.h) Espen Raastad og tidlegare styreleiar Arne Rui i møte med politikarane.

– Må ikkje splittast

Tidlegare styreleiar i Gullbring, Arne Rui, rår frå at Gullbring blir splitta opp og eit kommunalt eigedomsselskap tek over anlegget.

– Eg meine det eg sa då eg var i Bø: Eg er veldig imot omorganisering.

Det seier tidlegare styreleiar i Gullbring kulturanlegg, Arne Rui.

Han meiner at med 1,5 til 2 millionar kroner meir i året så kan Gullbring halde fram.

– Eg er veldig glad i Gullbring, det finst ikkje maken til kulturhus i heile landet, seier Rui.

Han meiner at splitting i eit drivarselskap som skal ha huset, men ikkje dei tilsette gjer at ingen føler eigarskap til arbeidsplassen. Rui meiner ting må sjåast i samanheng.

– Det er godt politikarane skjønnar at dette må vere offentleg eigedom, seier Rui.

Han meiner også det må bli slutt på at organisasjonane leiger seg inn nesten gratis.