Ein kveld i slutten av mai 2019, satt eg ved ein stad der noko av skogkanten var hogge vekk. Ein stad i Bø. Håpet var å få sjå elg eller rådyr, for dei kjem vel gjerne til hogstflater for å beite. Tida gjekk, men eg kunne ikkje sjå at det kom elg eller rådyr. Kanskje eg høyrde eit rådyr i det fjerne, men kun det. Plutseleg ser eg ein stor fugl. Den kjem flygande og landar i eit tre, eit godt stykke framfor meg, ved hogstflata. Fuglen oppdagar nok fort at den ikkje er åleine, og ser det nok tryggast å ikkje bli verande lenge, for etter kort tid tek den til vengane igjen, og flyg vidare langs skogkanten og forsvinn. Eg skjønar at det må ha vore rovfugl. Men kva slags rovfugl? Eg fekk teke miljøbilete av fuglen. Etter å ha studert fuglen på biletet, og samanliknar med bilete i fuglebok, ser det for meg ut til å vere musvåk.
Det er ikkje berre her ved hogstflata eg har sett rovfugl. Opp igjennom åra har eg fleire gonger sett noko som liknar på ørn, sirkle rundt høgt der oppe på himmelen, over Bø-bygda. Eit flott syn. Kanskje det har vore same type rovfugl som den eg såg ved hogstflata? Kanskje det er musvåk. ”Våk” er kanskje noko anna enn ørn? Om musvåk er ein slags ørn veit eg ikkje, men den liknar.
Eg veit lite om rovfuglar og musvåken. Då er det moro å lese og å sjå bilete i fuglebøker og gjennom det prøve å få kjennskap til rovfuglar og bli meir sikker på kva eg ser.
I fuglebok les eg at musvåken er blant rovfuglane som er å sjå i låglandet. Fuglen er kanskje mest vanleg i Sør-Noreg, på aust- og sørlandet. Musvåken blir bortimot 58 cm og har eit vengespenn opptil 137 cm. Den hekkar i skog, gjerne nær kulturlandskap eller jordbrukslandskap. Fuglen likar område med variert landskap, der det vekslar mellom skog og ope terreng. Reir og ungar vil han helst ha i det skjulte inne i skogen.
Vidare les eg at musvåken helst jaktar i ope terreng. Den sit ofte på post når den jaktar. Den kan velge å sitte oppe i eit tre, på ein gjerdestolpe eller liknande der den kan speide etter maten. Musvåken kan visst au jakte ved å gå på bakken. Navnet «musvåk» kjem seg vel av at den jaktar mykje mus og smågnagarar. Musvåken jaktar visst au mykje orm, og har enkelte stader au navnet ormvåk. Elles er visst fuglen allsidig i matvegen, og kan blant anna ta småfugl, frosk og meitemark.
Musvåken er den rovfuglen i låglandet som kanskje er enklast å sjå. Den lar seg ofte bli sett fordi den flyg seg turar – sirklar rundt oppe på himmelen – over skog og ope landskap.Den jaktar au som nevnd i ope terreng. Det kan tyde på at det er musvåken eg har sett, og at me har musvåk som nær nabo i Bø.
Forvekslingsartar fins. Vepsevåken kan visst vere ein forvekslingsart, fordi den liknar, og i tillegg gjerne er i same type område som musvåken. Fjellvåken er også lik, men den er vel ikkje så ofte i låglandet.
Vinterstid i desse dagar, er det som med mange andre fuglar, at dei fleste musvåkane har drege utanlands for å overvintre. Dei overvintrar visst i Sør-Europa og Nord-Afrika. Nokre enkle individ kan visst velge å bli verande her til lands enkelte stader, særleg langs kysten. Tida mars-april kjem musvåken tilbake, for på nytt å vere med å fylle landet og bygda kåns med meir liv.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp