Lokale folk satsar stort på ny restaurant i Bøgata
Fire lokale investorar står bak ei ny restaurantsatsing på Sønstebøtunet. Kvartetten Tormod Hynne, Olav Anders Hellekås, Ingvar Hellestad og Kjell Rune Kilen planlegg opning innan Dyrsku’n 2020 dreg i gang.
Bø sentrum og Sønstebøtunet vil frå september av få ein ny utestad og attraksjon. Innan Dyrsku-veka planlegg fire lokale karar å opne dørene til ein ny restaurant i Sønstebøtunet. Utestaden vil vere open som kafe- og lunsjstad på dagtid og restaurant på ettermiddag og kveld.