Rekord for handballskulen
42 ungar i alderen sju til tolv år kosa seg med handball i Gullbringhallen tre dagar i vinterferien. Aktiviteten samla ungar frå både Bø, Gvarv, Akkerhaugen og Seljord.
Skarphedin har lang tradisjon på å tilby handball som aktivitet i vinterferien. I tre dagar var ein god gjeng ungar samla til handball og aktivitet i Gullbringhallen.