LIKTE FORSLAGET. Siri Blichfedt Dyrland hadde inntrykk av at fylkeskommunen likte forslaget om å endre statusen for Handelsparken frå sentrum til forretningsområde.
Arkivfoto
Ordførar meiner kommunedirektøren ikkje er ein vanleg tilsett
Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland er ueinig med Arbeiderpartiet i vurderinga av saka mellom henne og kommunedirektøren. Midt-Telemark Arbeiderparti har uttalt seg i eit lesarinnlegg i nettavisa til Bø blad.
– Eg er ikkje einig i vurderinga Ap har gjort. Partiet ser på kommunedirektøren som ein vanleg tilsett. Det er eg ikkje einig i. Ho er den øvste administrative leiaren. Det står i kommunelova at kommunedirektøren har plikt til å utgreie ei sak forsvarleg. Eg meiner at når dette ikkje er følgd bør det påpeikast i eit ope møte slik at folk får det med seg, seier Blichfeldt Dyrland.