Tarjei (19) frå Bø er kåra til eitt av Noregs største Timbersports-talent
Tenåringen Tarjei Mathis Staurheim frå Bø fekk i helga gullbillett i talentkonkurransen «The Axe Factor».
Bøhering Tarjei Mathis Staurheim (19) kunne i helga sleppe jubelen laus. På Lillehammer kapra han nemleg ein gullbillett i den nye talentkonkurransen innan STIHL Timbersports, «The Axe Factor». Med den får han mulegheit til å delta på ein profesjonell treningsleir for å utvikle talentet sitt vidare.