Redaktør Hilde Eika Nesje:
Politisk uro
Det som skulle bli ei roleg vinterferie-veke i Midt-Telemark enda med å bli ei ekstremt kaotisk og forvirrande veke i kommunen. Det er faktisk svært lenge sidan det har vore så uroleg politisk liv i regionen. Det har i alle fall ikkje storma så hardt på toppen sidan nåverande kommunedirektør starta i jobben vinteren 2009. Det til tross for at kommunedirektør-jobben er ein av dei mest utsette og ustabile stillingane ein kan ha.