Rammar elevar ved Bø vgs:
Vil kutte stopp på skuletoget
Go-Ahead vil kutte stopp i Drangedal for morgontoget. Det rammar elevar som skal til Bø.
Go-Ahead ønskjer å korte ned reisetida mellom blant anna Oslo og Kristiansand. For å klare dette må selskapet kutte stopp. Det går fram av eit høyringsbrev som er sendt til blant anna Vestfold og Telemark fylkeskommune. Det er NRK som skriv om dette på si nettside.