B
Investerer sju millionar i privat skule
Sauar friskole skal byggje på 300 kvadratmeter. Det skal gje plass til fem nye, store klasserom. Utbygginga kan bli utsett på grunn av behov for ei ny vurdering frå ein geoteknikar.
Sauar friskole er ein femdelt skule og har i dag 53 elevar. I fjor fekk dei løyve til å utvide elevtalet frå 50 til inntil 70. Skulen har i dag tolv tilsette.
Rektor Wenche Landsverk seier at det blei bygd på ein ny fløy for fem år sidan og at dei har pussa opp dei gamle klasseromma elles i bygningsmassen.