Premiereklare med «Hjelp vi er russ!»
Fredag brakar det laus med revy av og med dei raude og blå i Bø. «Hjelp vi er russ!» heiter årets russerevy.
Scenen i Festsalen på Bø vidaregåande skule er for lengst utkonkurrert av storsalen i Gullbring som revyscene for Bø-russen. Sist helg var den gamle scenen igjen i bruk til revyføremål. Da var det øvingshelg fram mot fredagens premiere.