Mari Romarheim Haugen (44)
    – Eg saknar alle dei fine folka og fjell! Det er lite som kan måle seg med Skåråfjell og Lifjell.
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg har faktisk flytta frå Midt-Telemark heile tre gonger. Første gongen var i 1994 da eg flytta frå Akkerhaugen for å gå på Voss folkehøgskule. Året etter flytta eg til Bø for å studere matematikk, før turen gjekk til Bergen i ’96. I 1997 kom eg inn på mitt drømmestudie, nemleg ei fire-årig utdanning i Musikk og bevegelse ved Det Jyske Musikkonservatorium i Danmark. Deretter jobba eg eit år som musikklærar på Voss før eg flytta tilbake til Bø i 2002, der eg jobba som musikk- og kulturskulelærar i Sauherad, Bø, Skien og Seljord. I 2008 flytta eg til Oslo for å ta ein mastergrad i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), samtidig som eg jobba som frilans songar og songpedagog. Seinere blei det til ein doktorgrad om norsk telespringar og brasiliansk samba, også ved UiO, som eg forsvarte i 2016.
    
                        
    
        
                    
            
                5 veker 
for 5,-
                
                Deretter 159,- per månad. 
 Inga binding.
                
                
                    Kjøp